INVITASJON TIL KLUBBKVELD!
Postet av Ål IL den 26. okt 2026
Vil du vere med å stake ut kursen til Ål IL?
Ål Idrettslag hovudstyret inviterer til klubbkveld på Bråta klubbhus, måndag 23. november kl. 18.00! Målet med klubbkvelden er å stake ut kursen til ny handlingsplan for idrettslaget.
Viken Idrettskrets vil komme på besøk å legge opp til gruppeoppgåver der diskusjon og idémyldring om korleis prioriteringer som er viktig for idrettslaget dei neste 3-5 åra.
Vi ønskjer DINE tankar og meiningar om idrettslaget sin framtid! Sett av verdifull tid og bli med på ein spennande og sosial kveld på Bråta. Det blir servering av pizza.

Tidspunkt: Måndag 23. november 2026, kl. 18.00-20:00
Stad: Bråta Klubbhus
For kven: Alle medlemmar i Ål Idrettslag, utøvarar, trenarar, samarbeidspartnarar og sponsorar
Påmelding: For bestilling av passeleg mengde pizza ber vi alle som har tenkt å komme sende e-post med namn og evt. allergi per e-post til post@aalil.no
Spørsmål om klubbkveld kan rettast til dageleg leiar Kennet Dvergedal, e-post dl@aalil.no eller tlf. 406 36 964.
Vel møtt!
- Ål Idrettslag – hovudstyret -
Lokal fritidskasse for born og unge i Ål Kommune
Postet av Ål IL den 14. okt 2026
Barn og unge i Ål kommune!! Du kan søke Ål Kommune om økonomisk stønad til barn og unge til regelmessige fritidsaktivitetar. Du kan ôg søke om økonomisk stønad til barn og unge til enkeltståande aktivitetar/opplevingar.
Lokal fritidskasse er eit lågterskeltilbod og ei tilskotsordning for barn og unge 6 - 24 år. Formålet er å bidra til at alle skal ha moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar som idrett, korps, speidar m.m., samt kunne delta på enkeltståande opplevingar på fritida, utan at økonomi er eit hinder.
Du kan lese meir om lokal fritidskasse Ål Kommune på kommunen sine heimesider:
Kven kan søkje?
- Foreldre/føresette til barn og unge i målgruppa kan søkje
- Ungdom mellom 16-24 år kan søkje på vegne av seg sjølv
- Lag/organisasjon kan søkje om tilskot på vegne av barnet/ungdommen
- Andre som kan hjelpe deg med å søkje kan blant anna vere skulehelsetenesta, Ål Introsenter, familiens hus, lærarar, Ål frivilligsentral, Frisklivsentralen.
Føresette skal samtykke til at det vert søkt om økonomisk bistand til fritidsaktivitetar for barn og unge under 16 år.
Innlevering av Ål IL Klubbdressar
Postet av Ål IL den 14. okt 2026
Ål IL hovudlaget inviterer til innlevering av Ål IL klubbdress og eventuell utlevering av ny klubbdress, onsdag 21. oktober kl. 17:00 på Bråta.
Stad: Bråta klubbhus
Tidspunkt: onsdag 21. oktober kl. 17:00-18:00
Kom å lever inn klubbdressen som er blitt for liten, og få utdelt ny klubbdress i passelig størrelse. Har du for mange klubbdressar eller ikkje lenger deltek på aktivitet i regi av idrettslaget er det fint om du leverar inn klubbdressen slik at andre kan få glede av den.
Har du spørsmål til levering av klubbdress eller ønskjer å levere til anna tidspunkt, ta kontakt med:
Styreleiar Karl Kristian Mørch, tlf. 458 67 171
Dagleg leiar Kennet Dvergedal, tlf. 406 36 964
Bli med Ål IL Alpin på barmarkstrening!
Postet av Ål IL den 12. okt 2026
Har du lyst til å ha det gøy, leike, bli sterkere og sprekere sammen med andre? Ål Alpin inviterer til barmarkstrening på Gol for barn og ungdom!
Tidspunkt: Fredager fra uke 42 til uke 50, kl. 18:00-19:30.
Sted: Gol Idrettsarena
Ta med: Drikkeflaske
Vi deler gruppen slik at alle får passe utfordringer:
Treningene er lagt opp med leik, trampolinetrening, hinderløyper, sirkeltrening, stafetter og allsidig aktivitet som gir bedre balanse, styrke, smidighet og utholdenhet. Perfekt grunntrening - enten du like alpint eller bare vil ha det gøy i hallen.
Ta med deg en venn å bli med - dette er lavterskel og åpent for alle medlemmer i Ål Alpin. Meld deg på via Spond: LDQTL

Velkommen til Bama Alpinfestival 12.-14. mars 2027!
Postet av Ål IL den 7. okt 2026
