Lokal fritidskasse for born og unge i Ål Kommune
Postet av Ål IL den 14. okt 2026
Barn og unge i Ål kommune!! Du kan søke Ål Kommune om økonomisk stønad til barn og unge til regelmessige fritidsaktivitetar. Du kan ôg søke om økonomisk stønad til barn og unge til enkeltståande aktivitetar/opplevingar.
Lokal fritidskasse er eit lågterskeltilbod og ei tilskotsordning for barn og unge 6 - 24 år. Formålet er å bidra til at alle skal ha moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar som idrett, korps, speidar m.m., samt kunne delta på enkeltståande opplevingar på fritida, utan at økonomi er eit hinder.
Du kan lese meir om lokal fritidskasse Ål Kommune på kommunen sine heimesider:
Kven kan søkje?
- Foreldre/føresette til barn og unge i målgruppa kan søkje
- Ungdom mellom 16-24 år kan søkje på vegne av seg sjølv
- Lag/organisasjon kan søkje om tilskot på vegne av barnet/ungdommen
- Andre som kan hjelpe deg med å søkje kan blant anna vere skulehelsetenesta, Ål Introsenter, familiens hus, lærarar, Ål frivilligsentral, Frisklivsentralen.
Føresette skal samtykke til at det vert søkt om økonomisk bistand til fritidsaktivitetar for barn og unge under 16 år.
Logg inn for å skrive en kommentar.