Elvelangsløpet 2023
Postet av Ål IL den 31. Aug 2023
Invitasjon
Elvelangsløpet 2023
Laurdag 9. september
Ål IL Friidrett og Elvelangs i Ål vil invitere til Elvelangsløpet, der løypa går på den nye turvegen.
Dette er 4000 m i ei lett løype med små høgdeskilnadar. Eiga løype for barn og for ungdom.
Løyperekord: Damer 15.45 (Olivia Opheim) Herrer 12.58 (Jonas Grøsland)
Arrangementet vert slik:
16 år – Senior 4,0 km (raud) Start kl. 13:00
11 år – 16 år 1,4 km (blå) Start kl. 13:05
10 år og yngre 0,4 km (grøn) Start kl. 13:30
Informasjon
Start og mål er på same plass, på den nye friidrettsbanen på Bråta.
Vanleg klasseinndeling. Sjå vedlagt løypekart som viser trasè.
Utdeling av startnummer skjer like ved start på Bråta. Parkering på Bråta eller ved Helsetunbrua.
Det er gratis deltaking. Enkel premiering.
Påmelding
Send påmelding til Svein T. Furuhaug på svein.furuhaug@aal.kommune.no .
Vi trenger: - Namn, Fødselsår og Klubb.
- Er du 35 år eller eldre må du skrive om du stiller i senior- eller veteranklasse.
- Dei som er 15 og 16 år må også skrive distanse (1,4 km eller 4,0 km).
Er det ikkje skrive distanse vert dei sett opp på 1,4 km.
Frist påmelding fredag 8. september kl. 21:00.
Vi oppmodar om å melde på tidlegare, men kan unntaksvis gi høve til påmelding på arenaen.
Vel møtt! Løypekart her:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Ål IL
Elvelangsløpet 7/9 kl. 13
03.09.2024
TILSKOT TRENAR-/LEIARUTDANNING I IDRETTEN
21.08.2024
PC til salgs - SOLGT
26.07.2024